EG HAR FLYTTA

EG HAR FLYTTA HIT: 

http://bygdadiktogslikt.blogspot.com/

 

 

 

gaga

 

 

 

 

rock out !


galskap
du veit slik skikkeleg
gaga
der du er inne i gummirommet
og skriv dikt med tunga
du veit
på feil side av fugleskremselet
medan du høyrer jentene kviskrar;
han døydde ikkje for våre synder
slik som han andre karen

 

 

 

 

 

OKAI DAO - hausten er her

 

teken av av eit tre


eg søkk i skodda
det tredje auga blundar
eg er ein litteraturist

 

alltid roleg før ein opera


hopp på i svingen
la apa køyre
dette er ikkje renessansen
under bordet med ho
missa starten
missa enden

 

 

hei din tyl


ska me
drikka i kor
rapa i moll
og sloss

hei din tyl
sei ke du ve
kom an
på turre neva og blankt stål

 

 

 

da e gjedna all over now, baby blue

 

forsiktig med klutsjen no Bertha
eg sveivar ned glaset
vinkar med neven
andre gir no Bertha
gass gass gass
gi plass
her kjem Bertha og eg
i ein fiat supermirafori

 

når ei stjernesnuppe fell

wonderlust
akk ja
eg hentar fram ess-bassen
og spelar i 6/8dels takt

 

 

 

 

 

 

 

Rocken er død





Dennis



han står
midt framfor baren
svart mc jakke, el-regn t-skjorte
og det tynne, lange grå håret
samla i ein strikk
restane av eit opprørsveis
der andre
brenn sitt lys i begge endar
fomlar han med eit batteri



fjordfiskaren



fjordfiskaren




eg er full av vindar frå fjorden
med fargar i blått og grått
eg elskar dei lange strekka
her eg sit i min gamle båt





Om å tolme seg



fyrsteklassingen seier:



......fillern..!
-men du veit kva eg meinar !





Oppsop

Tom Waits, fjorden og eg

havnåla
er fjorden sin swordfishtrombone
og
langsnuta sjøhest
er fjorden sin saxophfunnyanimal



Fjorden, Patti Smith og eg

1.
snart
skal Patti
og eg
dansa barføtt
på svaberga

2.
wave
seier Patti
vink
tenkjer eg
waves
ler Patti
ekspressbåten
seier eg


Bob Marley, fjorden og eg

rabba-dabba-damm-damm-damm
misty morning i sognefjorden
på rygg midtfjords
med røyken i kjeften
tusen meter til toppen
tusen meter til botnen
jah-works


globetrottar

reiste til amsterdam
veit du
for å sitja
drikka kaffi
og stira på kanalane
det er mangt og mykje som flyte
veit du
rundt i eit hove
med solbriller på
ein maidag i amsterdam


diagonaldikt om snøleik

han
la seg ned
for å lage engel i snøen
men det avtegna seg eit heilt anna bilde



angst -ei frykt som ikkje er der


utviklingslæra
seier at alt
FORANDRAR SEG











Spenevarm




spenevarm



han sit i bislaget
dreg på seg gummistøvlane
og kjenner kva han savnar






på bar i bergen og på bygdadans





dogboy



vovv
eg har festa beltespenna i kroken
på bardisken
står mi øl
luktar røyk
og lengtar etter
heten
frå gasella
tvert over golvet
klarar eg ikkje
no







Bygdadans



her har du ein
tann-go
seier blodBjarne
og langar ut med venstra










Snart vinter



vinterlengt




snart kjem snøsneglane
fram att
spiralkrulla ligg dei og ventar
på måneskinnet
og knitreglitresnøen




Les mer i arkivet » Juni 2011 » Oktober 2010 » April 2010
hits