Oppsop

Tom Waits, fjorden og eg

havnåla
er fjorden sin swordfishtrombone
og
langsnuta sjøhest
er fjorden sin saxophfunnyanimal



Fjorden, Patti Smith og eg

1.
snart
skal Patti
og eg
dansa barføtt
på svaberga

2.
wave
seier Patti
vink
tenkjer eg
waves
ler Patti
ekspressbåten
seier eg


Bob Marley, fjorden og eg

rabba-dabba-damm-damm-damm
misty morning i sognefjorden
på rygg midtfjords
med røyken i kjeften
tusen meter til toppen
tusen meter til botnen
jah-works


globetrottar

reiste til amsterdam
veit du
for å sitja
drikka kaffi
og stira på kanalane
det er mangt og mykje som flyte
veit du
rundt i eit hove
med solbriller på
ein maidag i amsterdam


diagonaldikt om snøleik

han
la seg ned
for å lage engel i snøen
men det avtegna seg eit heilt anna bilde



angst -ei frykt som ikkje er der


utviklingslæra
seier at alt
FORANDRAR SEG











Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits